av Holger Vi har lenge ønska oss eit større akvarium, og hausten 2006 bestemte vi oss for å slå til, og bestilte oss eit 430-liters Aqualine-akvarium med sort alu-bord og ein Pangea Mudbank-bakgrunn frå nettbutikken Tropefisk.no.
2. oktober køyrde eg til Fredrikstad og henta karet. Naboen hjalp oss å bære det på plass.

Akvariet har ganske spesielle mål. Det er 130x55x60.. Det vil si at det er like høgt som ein 720-liter, berre 5 cm mindre djupt, men sjølvsagt 70cm mindre breidt.
Tysdag var eg på trening så då var det ikkje tid til å gjera noko, men onsdag kveld sagde eg bakgrunnen slik at den passa i akvariet. Vi måtte kjøpe ein bakgrunn som var ein god del breiare enn akvariet for å få passe høgde. - Og idioten meg presterte å måle feil TO GONGER slik at bakgrunnen blei sagd for kort med 6 cm. - Så eg måtte sage av 6 cm til, og vi har fått ei pen sprekk ute på høgre side... Men-men. Ikkje noko å gjera med det.
 Vi har ikkje limt bakgrunnen inntil bakveggen, men har limt den slik at det rommet bak bakgrunnen blir eit naturleg biologisk filter med innsug nede til venstre:

Det blei så bora to hol oppe til høgre der det blir utblåsning.

Slik ser det ut ovenfrå:

Meir inngåande beskrivelse av systemet finn du i ein artikkel av Bjarne Sætrang på AkvaForum.
Vi køyrer i starten med dei to utvendige Fluval-filtera som vi hadde i 222-literen, men etter kvart vil vi ta vekk det eine og setja inn ei litt kraftig powerhead-pumpe.
Torsdag kveld etter eit døgn herding av silikonen byrja vi med å fylle opp akvariet. Vi brukte alt vatnet frå 222-literen, og fylte opp med vatn frå springen. Sidan vi har to innkøyrde filter flytta vi ganske enkelt alt vi ville ha frå 222-literen til det nye karet. I 2-tida natt til fredag var vi ferdige for kvelden. Karet var fylt, alle fisk, plantaer og dyr var flytta, og 222-literen var tom.

I går, laurdag tok vi ei ny opprydning, klipte ned plantane slik at dei får ein bra ny start, og vi er svært nøgde med resultatet! (Klikk for stort bilde)

På bildet er det berre to 54 watts T5-lysrør i bruk, men snart får vi to til. Stativet skal også byggjast inn som eit skap. Det kjem altså oppdatering om ikkje så altfor lenge.
|