av Holger - mandag 20. februar 2006
Det er ikkje å leggja skjul på at vi har hatt ein litt nedeperiode med akvariene våre i nokre månader. Hobbyen går ofte litt i bølger og no har vi vore i ein ganske lang bølgedal, som vi kanskje er oppe av no!
Andre ting har tatt merksemda ei stund. Vi har jo eit stort oppdrett på gang! Om 12 veker sett vi eit lite yngel til verden som skal heite Tale Sofie, og vår ferd mot dette eventyret har vi dokumentert godt her: http://baby.lockertsen.com/
Vi har framleis sju akvarier, men fordelinga har endra seg litt. Vi har framleis 222-literen. Der er det tynna ein del med tal artar, men vi har m.a. kjøpt fleire kileflekkar. Denne skal vi renovere om ikkje lenge, er planen.
112-literen har fungert svært bra heile tida, og der er det ikkje store endringar. Lasarus, vår drageål slutta diverre å spise, og i dag fann vi han daud. Det var trist, men vi har sett det koma ei stund.
I 61-literen mista vi både Frode og Emmy, våre kulefiskar. Frode tok livet av Emmy, og Frode forsvann sjølv i desember. Denne veka har vi kjøpt eit nytt par som har fått namna Frida og Fabian. Forhåpentlegvis finn dei ut av det med kvarandre betre enn Frode og Emmy!
Her er Frida:

I 54-literen vår bur no krabba Butch saman med ein gjeng dvergkulefisk og nokre kuhliiålar, og ser ut til å ha det strålande!
Til slutt har vi tre 19-litere som er innreiia som mosekar med litt ulike innbyggjarar. I det eine har vi ein gjeng med P. weitzmanni som før. I det andre bur det nokre Boraras brigittae saman med eit honninggurami-par, og i det siste bur det ein gjeng med dverg-corydoras og nokre ansistrusar. Her blir det snart endringar.

Sidan sist har vi investert i betre kamerautstyr, og dei nye bileta her er tatt med eit Canon EOS 350D og eit Canon makroobjektiv som vi er svært nøgd med. Vi lærer oss meir og meir av finessene eit speilreflekskamera gjev oss mulighet til, og det er verkeleg moro å ta steget opp eit hakk kvalitetsmessig og detaljmessig, sjølv om vi trass alt har vore svært nøgde med kvaliteten på bileta vi har tatt med Sony videokameraet vårt til no.
Ellers heng vi jo på AkvaForum som vanleg, og har du spørsmål om akvarium, akvariefisk og anna, er det staden å stille dei. Vi har framleis ikkje kapasitet til å svare på alle dei spørsmåla vi får her på Akvarius.
| Artikler i samme kategori: |
|
|
|
|
|