Forside
Dagbok

Våre akvarier
Våre fisker
Våre planter

Artikler
Gjør det selv
Bilder og film
Store akvarier
Over vannet

Lenker
Gjestebok

English


Ny sesong!
av Holger - søndag 28. august 2005

No er det latterleg lenge sidan vi har oppdatert "dagboka" vår, men vi er absolutt i live - og det er dei fleste fiskane våre også. Om sumaren legg dei fleste hobbyen på hylla for ein periode, men når hausten kjem blir det meir fart i sakene. Også for oss.

Vi har gjort ein del endringar i kara våre. Vi har selt unna ancistrusane som lekte i 54-literen - og dette karet er no gjort om til paludarium for Butch 2 - den flotte ferskvatnkrabba vi har. Førre gong vi hadde slike krabber døydde dei i varmen i fjor sumar. I år har ikkje varmen vore like påtrengande, og Butch har overlevd fint.

Den gamle 19-literen til Butch har vi nyleg gjort om til terrarium - og der bur det no to stk. eremittkreps - Coenobita clypeatus. Desse er landlevande krabber frå Karibia som berre går i vatnet når dei skal formere seg. Utruleg fascinerande dyr. Vi trudde i utgangspunktet at dei kunne gå saman med Butch i det nye paludariet hans, men eremittkrepsane kan faktisk drukne, så vi fann ut at det var ein dårleg ide.





Vi har så smått byrja å flikke på 720-literen også. Eg har tatt ut bakgrunnen, og har fjerna mesteparten av silikonen som bakgrunnen var festa med. Vi må leggja ei plate over sprekken i botnplata og vi må også silikonere karet på nytt - for sikkerhets skyld. Vi er ikkje heilt sikre på kor lenge karet har stått utan vatn, og silikonen kan tørke ut og bli sprø. Karet har dessutan stått fire månader under trappa hos oss utan vatn.

I forbindelse med at vi skal setja opp 720-literen har vi funne at vi MÅ selja 222-literen. Det er ganske enkelt ikkje plass i stua! Vi skal beholde 61-literen som den er, medan 112-literen skal gjerast om til eit kar for sneglehuslekere frå Tanganyikasjøen. Vi må berre få opp 720'en først.

I 61-literen har diverre Emmy blitt borte - dama til Frode. Det er sannsynleg at Frode har tatt livet av henne - trass i at han stort sett er ein snill kulefisk - samanlikna med andre Irrubesco-hannar.

Det er alltid litt lettare å sjå at det går mot mørkare og kaldare tider når ein har eit tropisk akvarium å titte inn i!

<< tilbake   ^^ opp >> Les neste dagbokside

Kommentarer: [legg til kommentar]
Torbjørn - torb-m2 @ online.no 04-09-2005 - 14:41
Å når kommer opsettet av 720liter'n? Gleder meg masse til å se det:)
Skriv din kommentar til denne teksten:
NB! Generelle spørsmål om hold av fisk/oppdrett/pris vil bli slettet. Slike spørsmål bør heller stilles i forumet på AkvaForum.no.
Navnet ditt:

Epost:

Vis epostadresse
Husk epostadresse/navn på denne sida
captcha



Artikler i samme kategori:
Vi har ikkje lagt opp!
Ja vi er i live! :)
God Jul! - Endel endringer på Akvarius :-)
Ja, hva skjer egentlig!?
720'en er i hus...!
 
© Akvarius 2021
[ Hosted by Zetta ] [Tips en venn om denne siden!]