Forside
Dagbok

Våre akvarier
Våre fisker
Våre planter

Artikler
Gjør det selv
Bilder og film
Store akvarier
Over vannet

Lenker
Gjestebok

English


720'en er i hus...!
av Holger - søndag 1. mai 2005

Her har vi visst ikkje skrive noko sidan 18. februar, og det er jo skandale! Vi har såvisst ikkje lagt hobbyen på hylla, sjølv om det kanskje ser slik ut....

For berre eit par månader sidan fann vi ut at det ville bli for mykje med ein 720-liter i stua. Sidan like før jul har vi både kjøpt nytt spisestuemøblement og to svære nye sofaer, og i tillegg satt opp 61-literen i stua. Stua er ikkje SÅ stor. Men - så kan vi jo ikkje dy oss, og eit stort kar i stua har vore draumen vår heile tida... Så når vi no kom over ein 720-liter med stativ og Back To Nature-bakgrunn for 2000 kroner, klarte vi ikkje å la vera... Eit lite problem er det imidlertid. Botnplata er sprekt, så vi må setja inn ei ny. Vi reknar likevel med at det kjem til å bli ein svært rimeleg 720-liter, spesielt med tanke på at vi har eit heilt nytt lysarmatur med fire T5 lysrør ståande i boden og vente på dette karet.

Vi har det heller ikkje travelt med å få det opp. Vi skal som sagt reparere det først, og så finne plass til det... :-P Vi skal bruke stativet som fylgjer med, men byggja eit penare skap kring det eksisterande stativet som vil passe betre i stua vår. No nærmar sumaren seg med stormsteg også, og vi reknar med å få problemer med temperaturen i kara våre slik vi hadde i fjor. Difor trappar vi ned litt, og vi har faktisk selt unna svært mykje fisk i det siste.
Palettciklidene, dei indiske glassmallene, kakadueciklidene, leppeguramiane, m.fl har forlatt oss.

Vi har imidlertid fått nokre nye innbyggjarar også. T.d. bolivianske sommerfuglciklider og ein elefantfisk i 112-literen, og eit par nye maller i 222-literen.

Sjølv om den nye 720en er planlagt som nytt hovudkar og selskapkar i stua, vil vi ikkje kvitte oss med verken 112-literen eller 222-literen. 112-literen vi vi la vera slik den er, medan 222-literen har vi lyst til å gjera om til ein Tanganyikabiotop.

Men som sagt, ei viss nedtrapping av hobbyen blir det jo no når vi nordmenn kan byrja å vera utandørs og varmen sett inn. Ordentleg fart blir det neppe over sakene før september, så vi kan ikkje love flittige oppdateringar av dagboka framover, men vil sjølvsagt svare på kommentarar som vanleg.



<< tilbake   ^^ opp >> Les neste dagbokside

Kommentarer: [legg til kommentar]
ja 09-05-2005 - 20:47
tanganyika er morsomste som fins ;)
Ingeborg - ingus_arntsen @ hotmail.com 30-05-2005 - 19:50
Tanganyika, er det noe i samme duren som Malawibiotop, med disse spennende ciklidene? Vet dere om en god nettside om Malawibiotoper?
ja 12-06-2005 - 16:43
tanganyika er nabo sjøen til malawi http://santron.no/fiskindex.htm
Torbjørn - torb-m2 @ online.no 11-08-2005 - 11:09
Blir det noe fart på dtte karret i Høst/Vinter da?
Holger - holger @ lockertsen.com 11-08-2005 - 11:25
JA! :)
Torbjørn - torb-m2 @ online.no 11-08-2005 - 15:06
Spennende:) Noen planer?
Rune Kristoffersen - runekr5 @ online.no 04-10-2005 - 22:03
Du kan lime nytt på det gamle glasset det er lettere enn å bytte ut. har prøvd dette selv. NB akvariesilikon
Skriv din kommentar til denne teksten:
NB! Generelle spørsmål om hold av fisk/oppdrett/pris vil bli slettet. Slike spørsmål bør heller stilles i forumet på AkvaForum.no.
Navnet ditt:

Epost:

Vis epostadresse
Husk epostadresse/navn på denne sida
captcha



Artikler i samme kategori:
Vi har ikkje lagt opp!
Ja vi er i live! :)
God Jul! - Endel endringer på Akvarius :-)
Ja, hva skjer egentlig!?
Ny sesong!
 
© Akvarius 2021
[ Hosted by Zetta ] [Tips en venn om denne siden!]