Forside
Dagbok

Våre akvarier
Våre fisker
Våre planter

Artikler
Gjør det selv
Bilder og film
Store akvarier
Over vannet

Lenker
Gjestebok

English


Storauksjon og jubileum!
av Holger - lørdag 29. januar 2005

I morges stod vi opp klokka 8 for å pakke fisk og plantar til januarauksjonen til Oslo Akvarieklubb. Det var ikkje berre kos, etter som vi kom heim frå hyggeleg lag med inntak av alkohol berre fem timar før... Men vi gjekk på med dødsforakt, og fekk pakka til saman 13 posar med fisk, reker og plantar, og fekk på den måten tømt den eine 54-literen for levandefødande fisk. Dette karet prøver vi no å selja.
 
Ferdig pakka var det berre å setja kursen for Nordseter skule og auksjonen som starta klokka 12. Ein full gymsal og over 1200 auksjonsobjekt venta, og det skulle bli ein laaang dag. Klokka blei faktisk 20:30 før det siste objektet blei overtatt av ny eigar, og då var alle slitne, naturleg nok, men også svært nøgde med nok ein godt gjennomført auksjon! 

Vi kom heim med ein del plantar, fór, artemiaegg, eit pumpehode, filtermateriale, men berre to nye fisk;  Enda ein praktbotia, og ein utruleg stilig ål. Vi gjekk glatt i overskot - dvs at vi tente meir på sal av objekt enn vi betalte for nye, og det er imponerande til å vera oss!



Januarauksjonen i 2004 var vårt første møte med akvariemiljøet i Noreg, og der kjøpte vi våre første fisk, og vårt første akvarium, så i dag feira vi eittårsjubileet. UTRULEG kor mykje vi har lært det siste året!

I går måtte vi imidlertid trist innsjå at den store fine Kakadueciklide-hannen vår ga opp. Han hadde hangla meir og meir dei siste dagane, og bleik og mager la han inn årene, så no har vi berre to hoer att. Vi har planar om å skaffe eit nytt par, eller minst ein ny hann.

No er ein lang dag slutt, og vi skal finne senga, men i morgon kjem ein ny akvaristisk dag med både snekring på det nye akvariebordet, og sikkert bytte av vatn og anna vedlikehald. Men først: minst åtte timar søvn!


<< tilbake   ^^ opp >> Les neste dagbokside

Skriv din kommentar til denne teksten:
NB! Generelle spørsmål om hold av fisk/oppdrett/pris vil bli slettet. Slike spørsmål bør heller stilles i forumet på AkvaForum.no.
Navnet ditt:

Epost:

Vis epostadresse
Husk epostadresse/navn på denne sida
captcha



Artikler i samme kategori:
Vi har ikkje lagt opp!
Ja vi er i live! :)
God Jul! - Endel endringer på Akvarius :-)
Ja, hva skjer egentlig!?
Ny sesong!
 
© Akvarius 2021
[ Hosted by Zetta ] [Tips en venn om denne siden!]