Forside
Dagbok

Våre akvarier
Våre fisker
Våre planter

Artikler
Gjør det selv
Bilder og film
Store akvarier
Over vannet

Lenker
Gjestebok

English


Laurdagskveld
av Holger - lørdag 22. januar 2005

ABBA er historie - både det svenske bandet og kulefiskane vi kjøpte og som flytta inn i 19-literen. Vi mista diverre tre ganske fort, medan den siste overlevde eit par veker til. Triste greier. Det var verkeleg flotte små fisk!

Men: Så flytta vi inn fem fine små Poecilocharax weitzmani som er ein liten revirhevdande tetra. Den oppfører seg faktisk som ein liten ciklide! Vi hadde diverre ei ulukke og mista tre stk som kom seg inn i Eheimpumpa og fekk eit ublidt møte med propellen... (Tips til deg med Eheim 2006: Pass på at du har montert alle sugekoppane på baksida... :-/ ) Dei siste to fekk imidlertid i går selskap av fire nye kompisar av same art.
Vi kjøpte også tre flotte kirsebærreker. Slike vil vi ha fleire av! Kjempeflotte!

Ellers har vi bestilt filter til 61-literen, og i morgon skal eg snekre vidare på bordet til karet. Det skal ha oppstart neste helg, så då eg jo bli ferdig.... Det er imidlertid svært mykje som tar merksemda mi frå alt eg har lyst til å gjera... Det blir altfor liten tid til akvaristikk!

Neste helg er det storauksjonen til Oslo Akvarieklubb og då er det samstundes eitt år sidan vi blei akvaristar! Det var på storauksjonen 31. januar i fjor vi kjøpte det første akvariet vårt: 19-literen.

Det er ganske utruleg kor mykje vi har lært på så relativt kort tid! Men det er jo også ein uhyre interessant hobby med mange aspekt!




<< tilbake   ^^ opp >> Les neste dagbokside

Skriv din kommentar til denne teksten:
NB! Generelle spørsmål om hold av fisk/oppdrett/pris vil bli slettet. Slike spørsmål bør heller stilles i forumet på AkvaForum.no.
Navnet ditt:

Epost:

Vis epostadresse
Husk epostadresse/navn på denne sida
captcha



Artikler i samme kategori:
Vi har ikkje lagt opp!
Ja vi er i live! :)
God Jul! - Endel endringer på Akvarius :-)
Ja, hva skjer egentlig!?
Ny sesong!
 
© Akvarius 2021
[ Hosted by Zetta ] [Tips en venn om denne siden!]